Resultater NPR Nasjonal fotokonkurranse 25

NPR 3 – Nasjonal Fotokonkurranse 2025

Det er med stor glede vi presenterer resultatet av den tredje nasjonale fotokonkurransen i regi av NPR. Denne konkurransen har samla fotografar frå heile landet, og engasjementet har vore både inspirerande og imponerande.

I denne katalogen finn de dei premierte bileta, samt ei oversikt over dei antatte bidraga. Totalt deltok 211 fotografar, som til saman sende inn 2277 bilete – ein auke på 886 bilete frå førre konkurranse. Av desse var 827 i kategorien digital farge, 800 i digital monokrom, og 650 bilete vart levert i temakategorien «TID». Deltakarane representerer 54 fotoklubbar frå ulike delar av landet.

Den markante auken i både deltaking og innsendte bidrag vitnar om ein aukande interesse for konkurransen. Det er ei glede å sjå det høge nivået og det store mangfaldet i dei innsendte arbeida.

Vi ønskjer å rette ei særskild takk til juryane for det grundige og profesjonelle arbeidet dei har utført. Deira faglege kompetanse og engasjement har vore avgjerande for vurderinga av bileta, og vi set stor pris på innsatsen dei har lagt ned.

Til slutt vil vi takke alle deltakarane for deira bidrag. Utan dykk ville ikkje denne konkurransen vore mogleg. Vi ser fram til neste års konkurranse og nye inspirerande bidrag.

Vi håpar katalogen vil vere til glede og inspirasjon for alle som blar i henne.

12 topp fotografer sammenlagt:
Richard Larssen 166 p 
Ann Jane Johnsen 162 p
Rune Mattsson 161 p
Oddmund Kjøsnes 161 p
Kari Elisabeth Espeland 148 p
Bente Sjøgren 148 p
Bjørn Olav Sagen 147 p
Atle Helland 145 p
Gry Isaksen 144 p
Rune Lade 144 p
Harald Lundstein 144 p
Svein Ivar Ask 144 p

KATALOG I PDF NPR NASJONAL 2025 – KLILL HER

KATALOG I PDF NPR NASJONAL 2024 – KLIKK HER

KATALOG I PDF NPR NASJONAL 2023 – KLIKK HER

Gå til startsiden